Evje idretslag

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Evje idretslag er det første idrettslaget ein kjenner til i Evje. Laget skal ha blitt skipa 29. mars 1914. Med i det første styret var kaptein Omholdt (leiar), ingeniør Mørch Olsen, stiger Østerhus, Ole Lund og Jens Omland. Jørgen Galteland var kasserar.

Korleis det seinare gjekk med Evje idretslag veit me lite om. Laget må ikkje forvekslast med Evje idrettslag, som vart til då skilaget Ørnen og Evje AIL slo seg saman til eitt idrettslag i 1945.

Kjelder[rediger]