Asbjørn Haugen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Asbjørn HaugenSymbol unrelated.svg
Asbjørn Haugen Evje Bowling 200218.jpg
Asbjørn i bowlinghallen 20. februar 2018.
Født: 1951 (alder 73–74)

Asbjørn Haugen (fødd 1951) er dagleg leiar for Evje Bowling og Evje Glass Service. Begge selskapa held til på VerksmoenEvje. Asbjørn har drive bowlinghallen på Evje saman med familien sidan 1991. Aksjane i hallselskapet (AS) er for ein stor del overført til barna.

Asbjørn arbeidde i fleire år på Skibsplast. Seinare starta han Evje Glass Service i lokala etter Maskinsalg i Arendalskrysset nord i Evje sentrum. I 1986 sette han opp det første forretningsbygget på Verksmoen, og etablerte Top Idé-senteret her. I dag held mellom anna Evje og Hornnes bibliotek og Evje og Hornnes lensmannskontor til i bygget, ved sida av Asbjørn sine eigne verksemder. I 2020 bygger han eit nytt forretningsbygg nord for det eksisterande.

Asbjørn er gift med Anne Sylvi Haugen. Dei har barna Kim Asbjørn Haugen, Linda Sofie Haugen, Jahn Kåre Haugen og Ann Louise Haugen.

Kjelder