Eventyrbygda Bygland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Theodor Kittelsen illustrerte eventyret Kvitebjørn kong Valemon frå Bygland

Eventyrbygda Bygland er ein artikkel av Magnhild Rygg som stod i Setesdølen nr. 75, 2015 og som vi fekk legge ut her i samband med ein samtale med Magnhild Rygg i Tysdagssending i Valle Radio 20150915

Eventyrbygda Bygland[rediger]

Ja, du las rett! Bygland er kommunen der samlarane fann det største utvalet av eventyr i heile Agder. I begge Agder-fylka vart det til saman nedteikna 324 eventyroppskrifter. Av desse var 224 frå Aust- Agder.

  • Bygland åleine hadde 137,
  • Valle 31,
  • Hylestad 5,
  • Bykle 5,
  • «Setesdal» 11,
  • Evje 4
  • resten av Aust-Agder 31.

(Desse opplysningane er henta frå katalogen bak i boka «Dyret i hagjen» Eventyr frå Agder.)

Forteljarane i Bygland[rediger]

Forteljarane sat mest i kvar ei bygd i heile kommunen, frå Austad i nord til Neset i sør. Lidi skilde seg likevel ut med at mange sogekvinner og menn var busette her i tida mellom 1847 da Jørgen Moe møtte Kari Prestedotter og fram til 1914 da Johannes Skar la skrivesakene ned. Nokre veit vi heilt sikkert: Kari Prestedotter var gift med Søren Torsteinson, båe to fortalde. Sonen deira Kristen også.

Thore Aslaksdotter Haugen busette seg der da ho gifte seg med Knut Knutson. Borghild Lidi, Gunnuv Liè og Kari Pedersdotter Libakk budde også i grannelaget.

Olav Eivindson Austad må vel nemnast som nestoren mellom sogeseiarane, sjølv om han ikkje var den eldste. Han var 4 år da Kari Prestedotter fortalde til Jørgen Moe og han sa soger til langt ut på 1920-talet da T. Hannaas gav ut «Sogur frå Sætesdal».

Johannes Skar hadde nok god hjelp av både Joronn Jonsdotter Skåmedal og Jon Olavsson Neset i innsamlinsarbeidet sitt. Det var hjå dei han budde. Båe to var sogeforteljarar og kjende vel til andre menn og kvinner som Skar burde innom. Olav Bøe har skriva ei liste over kven som fortalde til Skar. Ei slik liste får du på biblioteket så kan du notere det inn i di eiga Gamalt or Setesdal band 3.

Dei to kunstnarane våre, Olaug Åsen og Mona Ida Håvorstad Frøysnes lagar kunstverk som kan gjere eventyra levande. Olaug har alt laga «Kvitebjørn kong Valemon» og Mona Ida har lova «Skjoldmøyane» ferdig til neste år. Stikk innom biblioteket og sjå!

Dette kostar. Begge to skal leve av kunsten sin. Dei to første kunstverka kjem på 40 000 kroner. Det er opna ein eigen bankkonto: EVENTYRBIBLIOTEKET 2801 41 18359 der alle som kan tenkje seg å stø opp om tiltaket er velkomne til å overføre pengar! Dette går som ei sterk oppmoding både til einskild personar, lag og organisasjonar. – Alle som gjev tilskot, vil få fullt oversyn korleis pengane blir bruka!

Eventyra Asbjørnsen og Moe samla vart trykte med «normalnorsk» skrivemåte. Der finn vi t.d. at Villøykjen blei til Grimsborken. Vi må likevel sjå at målforma i Gamalt or Setesdal er vanskeleg tilgjengeleg for nye generasjonar av byglendingar og setesdølar. Det er mogeleg å få «oppdatert» både ord og uttrykk av skriveføre bygdefolk viss ein verkeleg vil.

Gå til bokhylla di og finn fram «Gamalt or Setesdal» og gjerne «Sogur frå Sætesdal» også. Unn deg nokre trivelege stunder med eventyr frå Bygland.