Eretveitgruva
Eretveitgruva er ei nedlagt feltspatgruve på Eretveit nord-vest i Iveland. Ho var ei av dei første gruvene som kom i drift i Iveland, rundt byrjinga av 1900-talet. Første drivaren skal ha vore eit selskap med namnet «De forenede Feltspatbrud». Seinare dreiv Thomas Eftevand og Anders Eftevand gruva i lang tid. Etter dei kom eit Oslo-firma. Den siste drivaren skal ha vore Anders Omdal jr.
Den siste tida med drift i gruva var det kvarts ein henta ut. Han blei for det meste sortert ut av «drithaugane» som hadde hopa seg opp etter dei mange åra med drift på spat.
Eretveitgruva skal ha vore den største i Iveland, med ein produksjon på rundt 30 000 tonn. Ho er sagt å vere ei god gruve. Ei tid var det tale om å legge jernbanespor frå Iveland stasjon til gruva. Etter kvart blei uttaket i gruva i to etasjer, og det blei nytta skjenegang. Eretveit var ei av gruvene det var drift i lengst.
Kjelder
- Iveland V. Gruvedrift, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 2007, side 54-70
- Aslak Fjermedal, Iveland, kapittel i Norges bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, AS Norsk Faglitteratur, Oslo 1956, side 581 og 585