Energiparken
Hopp til navigering
Hopp til søk
Energiparken er eit nærmiljøanlegg rett ved sida av Skaiå barnehage på Skaiå i Iveland. Anlegget har balløkke med kunstgras, der ein også kan spele basketball og innebandy med meir, sandvolleyballbane, eit klatre-/leikeområde og tribune/amfi i stein. I tillegg er det flomlys. Iveland kommune er eigar av anlegget. Byggekostnaden var ca. 2 millionar kroner. Agder Energi ytte tilskot på ein million. Spelemidlar frå Staten, bevilga gjennom Aust-Agder fylkeskommune, var om lag 650.000 kroner. Kommunen dekka resten sjølv.
Parken blei offisielt opna 28. oktober 2017. Konsernsef i Agder Energi, Tom Nysted, og kultursjef i Aust-Agder fylkeskommune, Hege Solli, deltok saman med ordførar i Iveland Gro-Anita Mykjåland og ei stor folkemengde.