Elshaugane

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Elshaugane er ein gard (gnr. 58) nord-aust i Iveland. Jokeli er nabogard i nord. Mot aust ligg Eikeland. I vest støyter Øvre Ljosland til. Frå Frikstadveien (Fylkesveg 291) går Ljoslandsveien austover til Elshaugane. Der stoggar vegen. Det er bare eitt bruk i garden (gnr. 58 bnr. 1). Heimelshavar til dette (2017) er Ole Morten Hauge (f. 1985).

Historie

Nokre ting kan tyde på at Elshaugane kan vere ein gamal nedlagt gard som er rydda opp att. Isåfall kan garden vere frå mellomalderen. Men i gards- og ættesoga for Iveland finn Aslak Fjermedal det tryggast å tidfeste han til tida rundt 1650.

Kjelder

Kart

Laster kart...