Eit jolekort

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Frå innspelinga av musikkvideoen i årestoga på Byglandstunet

Eit jolekort er ein song som Inger Lise Stulien syng på plata Heim te jol. Ho har laga teksten sjølv, melodien har ho laga i samarbeid med Knut Kjetil Møen.

Musikkvideo[rediger]

Til songen er det laga musikkvideo i årestoga på Byglandstunet. Setesdalsmuseet med Leonhard Jansen og Anders Dalsæg var til stor hjelp for henne, og årestoga var perfekt for opptaka. Videoen vart laga av Frode Vestad i Dokufilm i Kristiansand.

Musikkvideoen viser ekte julestemning med tente lys, bålbrenning, hygge rundt bordet, faklar, julegåver og juletregang. Faren hennar, Artur Stulien spelar trekkspel og Knut Kjetil Møen akkompagnerer henne på gitar. Hennar eigne barn, nieser og nevøar, totalt 23 barn og unge er med. Dei fleste medverkande i musikkvideoen hadde setesdalsgenser på seg.

Eksterne lenker[rediger]