Einar Katterås
| Einar Katterås | ||
|---|---|---|
| Einar Katterås i midten med Gudny Skjeggedal til høgre | ||
| Født: | 24. april 1915 | |
| Død: | 13. november 2006 (91 år) | |
Einar Katterås (fødd 24. april 1915, død 13. november 2006 på Hornnesheimen) budde på Evje. Han var pensjonert leiar for distriktsarbeidskontoret og etterlet seg sonen Kjell Katterås og svigerdottera Solveig Katterås og annan familie. Kona Eldrid Katterås var død tidlegare. Gravferda var frå Evje kyrkje tysdag 21. november 2006 klokka 12. Like kjært som blomster var ei gåve til LHL, og etter gravferda var det minnestund på Evjeheimen.
Einar Katterås starta som lagergut på Raffineringsverket på Evje. Her gjekk han gradene og var lønningsførar då verket vart lagd ned like etter 2. verdskrigen. Han fann seg og plass i det lokale arbeidarungdomslaget, og då han døydde, hadde han vore medlem i Det Norske Arbeidarparti i over 70 år. Som 16-åring tente han ei krone kvelden på å fyre opp kinolokalet og spele grammofon medan folk fann plassane på Evje kino. Han gjekk gradene også der, med åra vart han både rekneskapsførar og kinosjef. I ein periode var han og likningssjef i kommunen.
Under krigen vart Einar Katterås arrestert. Det skjedde 16. november 1943, han slepte ut jolaftan same året.
Gjennom livet tok han på seg mange verv. Han var vald inn i Evje og Hornnes kommunestyre, i formannskapet, nokre år var han varaordførar, og han var med i ei rekke råd, utval og nemnder i kommunen. I 20 år var han med i edruskapsnemnda, like lenge var han med i sosialstyret. 13 av desse åra var han leiar i edruskapsnemnda. I ein 20-års periode var han og Evje og Hornnes kommune sin representant i styret for Setesdølen. Han var og ein aktiv skribent når folk runda år eller gjekk bort. På sine eldre dagar laga var han med og laga ei rekke interessante lokalhistoriske program på Radio Evje.
Heder
- Det Norske Arbeiderpartis gullnål
Kjelder
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 92, 2006 side 2
- Sigurd Haugsgjerd: Einar Katterås til minne. Artikkel i Setesdølen nr. 92, 2006 side 9
- Gravsteinen til Kjell Katterås