Ein song til Setesdal

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsynet utover Setesdal frå Berg i Valle 11. oktober 2022, som inspirerte til teksten.
Foto: Geir Daasvatn

Ein song til Setesdal er eit innlegg Geir Daasvatn skreiv på Setesdalssida på Facebook 12. oktober 2022. Lenkene er lagt inn i artikkelen i ettertid.

Ein song til Setesdal

Eg bur i Hornnes, og hadde lite kjennskap til Setesdal til eg var rundt 50 år. Men så begynte eg så smått med fotografering for å ha noko fint å gjere, etter at eg var blitt sjuk og ikkje kunne arbeide som vanleg lenger. Etter kvart drog eg litt nordover i dalen på nokre fototurar også. Eg blei sakte men sikkert meir og meir glad i Setesdal, liksom.

Eg har ikkje slike kunstnarlege evner som så mange i dalen er velsigna med. Eg kan ikkje synge, dikte, spele instrument, kvede, køyre gravemaskin, sprenge fjell, lafte eller smi slik så mange av setesdølane er så gode til. Men eg drøymde om at eg ein – 1 – gong i livet skulle klare å lage eit bilde som kunne vere min «song» til Setesdal.

I går, etter kanskje 10–12 år med fototurar oppover og nedover i Setesdal, kom eg opp til Berg i Valle. Det var i skumringa, akkurat i den tida på døgeret lyset ofte er som finast for oss som fotograferer. Det var ein nydeleg haustkveld. Eg prøvde å huske på nokre av dei gode tipsa eg har lese i ulike fotobøker, om korleis ein kan lage eit bra bilde.

Nå i formiddag har eg sitte her heime i Hornnes og sett gjennom bilda frå turen i går, med Scorpions sin Always somewhere på høgaste lyd i høyretelefonane. Eg trur den mektige musikken, spesielt gitarsoloen, må ha fått hjernen i det lyriske (eller eventuelt forvirra) hjørnet. For plutseleg kjente eg at eg mellom bilda hadde funne den eine «songen» – den eg har leita etter så lenge – min song til Setesdal. Du ser det nok ikkje på mobilen. Men om du ein gong tek deg bryet med å sjå bildet på PC-en din, håpar eg du skjøner kva eg meiner.

I dag er det ingen nye vegopningar på Riksveg 9. Men det blir nok ein fin dag i Setesdal likevel 💝