Eg elskar kyrkja
Eg elskar kyrkja er eit dikt av Aasulv Austad. Det vart lese opp ved hundreårsjubileet i Austad kyrkje sommaren 1980.
Tekst
Eg elskar kyrkja, for ho er mi mor:
Ho fødde meg til Liv med vatn og ord.
Ho syrgde for at barnet skulle få
ei tru det sidan kunne leve på.
Eg elskar kyrkja, for ho tolsam var:
Ho turka tåra alt som liten kar.
Ho fylgde meg som skuggen kvar eg gjekk
inntil ein dag eg ogso kallet fekk.
Eg elskar kyrkja, for ho gav meg mat:
Ho måla Kristus herleg der eg sat.
Ho bad meg vera gjest ved altarbord
og syngja ut mi takk i salmens ord.
Eg elskar kyrkja, for ho alltid har -
ein arbeidsplass i vingarden til Far.
Hjelm meg å lyda, når ho seier: Gå!
Lær meg å skjøna kva eg då skal få!
Eg elskar kyrkja, for eg ein gong skal -
få sjå ho ferdig høgt i himmelhall,
der tru og von og kjærleik foldast ut
i takk og lovsong framfor Herren Gud.
Kjelde
- Setesdølen nr. 74, 1980 side 6