Daniel Sandén-Warg

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Daniel Sandén Warg)
Hopp til navigering Hopp til søk
Daniel Sandén-WargSymbol unrelated.svg
Daniel Sandén-Warg i Seljord.jpg
Daniel Sandén-Warg under
Landskappleiken i Seljord 2011
Foto: Frode Inge Helland
Født: 1977 (alder 46–47)

John Yngve Daniel Sandén-Warg (fødd 1977 i Østersund) er ein spelemann og sølvsmed som bur på Bjørgum i Valle kommune. Som tenåring spelte han trommer og gitar. Så vart han ven med Magnus Stinnerbom, som kom frå ein folkemusikkfamilie og vart kjent med svensk folkemusikk. Ved eit tilfelle fekk han tak i kassetten Klunkaren, der Torleiv H. Bjørgum og Hallvard T. Bjørgum spelte hardingfele. Dette appellerte så mykje til han at han sjølv begynte å spele fele.

I 1995 kom han til Setesdal for første gong. Han og Magnus Stinnerbom vart med på ein ekskursjon til Sylvartun og der fekk dei høyre Hallvard T. Bjørgum spele. Året etter sende han ein demokassett til Hallvard, og det førte til at han vart invitert som elev. Frå 1996 starta han å reise til Setesdal for å lære å spele hardingfele av Hallvard T. Bjørgum og i 1998 sa han opp jobben han hadde på Riksteatern i Stockholm og flytta til Rysstad. Etter kvart har han lært seg Hylestad-dialekten for betre å forstå kulturen og forteljingane rundt slåttane. I 2005 tok han svennebrev som sølvsmed. Han har og ei lita stilling på Agder Folkemusikkarkiv.

Musikk

Saman med Magnus Stinnerbom danna han gruppa Harv, som spelar progressiv folkemusikk. Han er med i spelemannslaget Knut Heddis Minne. Dei siste åra har han og vore med i bandet til Odd Nordstoga. Han har gjeve ut fleire plater:

  • Rammeslag II saman med Sigurd Brokke - Folkelarmprisen i klassen solo - Nominert til Spellemannprisen 2009 i klassen folkemusikk/gammaldans.
  • Warg Buen saman med med Per Anders Buen Garnås
  • Rammeslag saman med Sigurd Brokke - 2007 - Folkelarmprisen i klassen solo.

Kilder

  • Jan Frantzen: Helgeprat med Daniel Sandén-Warg. Artikkel i Fædrelandsvennen Innsikt 2. juli 2011 side 15

Eksterne lenker