Byklehelleren
Hopp til navigering
Hopp til søk
Byklehelleren (Byklehedden) er ein heller under ein svær stein, like nord for Einang i Valle. Soga fortel at byklarar som ikkje trudde seg til å rekke heim før natta kom på, overnatta her. Frå rundt 1870 la dei kløva si her, og køyrde vidare sørover med hest og kjerre. Då var køyrevegen ferdig frå Kristiansand og hit.
Kjelder
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 159
- Artikkelen om Byklehelleren på Kulturminnesok.no