Bykle nye kyrkjegard
Bykle nye kyrkjegard er ein kyrkjegard med 200 gravplassar sør for Bykle gamle kyrkjegard. Kyrkjegarden vart vigsla sundag 2. juni 2013 av prost Terje Seilskjær. Saman med han deltok leiar i Bykle sokneråd, Else Gyro Rysstad, Bjørg Vatnestrøm og Ole Morten Egeland med skriftlesing. Espen Egeland spelte trompet og om lag 40 menneske var samla til vigslinga, som skjedde etter gudstenesta i Bykle nye kyrkje den sundagen. Etterpå var det samling i kyrkjekjeddaren til suppe og kake.
Det er Landskapsentreprenørene i Kristiansand som har vore hovudentreprenør for Bykle nye kyrkjegard. Nomeland anlegg har utført grunnarbeidet, Otera har utført elektroarbeidet ute og vanning.no har levert vanningsanlegget. Torvald Gautland var leiar av byggekomiteen. Bykle nye kyrkjegard kosta 4 millionar og vart levert på tida. Kyrkjegarden er 4,5 dekar og vert omkransa av eit 210 meter langt gjerde i naturstein frå Jondal i Hardanger. Det er lagt 2600 m² gras på den nye kyrkjegarden, som har automatisk vatningsanlegg. Røyra for spillvatn og drensrøyr for overvatn er lagde om. I tillegg er det sett opp fleire vasspostar. Det er og straumskap til ljossetting og tining.
I eit hjørne av Bykle nye kyrkjegard er eit område som ikkje er vigsla. Der er det tenkt å ha graver for folk som ikkje er kristne. I eit anna hjørne av kyrkjegarden er det sett av plass til ei minnelund. Der vil det og kome urnegraver.
Kjelde
- Ole Birger Lien: Ny gravstad til 4 mill. kr i Bykle med 200 gravplassar. Artikkel i Setesdølen nr. 44, 2013 side 8 og 9