Bygdestoga Jordalsbø
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bygdestoga er eit forsamlingshus for folk i Lidi, Jordalsbø og Skreland i Bygland. Ho står like ved Librua.
Historie
Folk i Lidi og Jordalsbø gjekk i 1946-1947 saman om å sette opp ei badstoge. Ho hadde faste opningstider kvar veke. Ho blei nytta av bygdefolket til ut i 1960-åra.
Etter kvart blei badstoga mindre brukt. Det var på tale å kvitte seg med bygget. Men med hjelp av ein stor dugnadsinnsats blei badstoga i staden bygd om til ei bygdestoge for folk i Lidi, Jordalsbø og Skreland. Det blei gjeve økonomiske tilskot frå stat, fylke og kommunen, og frå ulike firma i landsdelen. Det kom også bidrag frå privatpersonar og ved basarar. Hausten 1984 var ombygginga ferdig, og Bygdestoga kunne takast i bruk.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, urgjeve av Bygland kommune, 2012, side 563-564