Breiland (Byglandsfjord)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Breiland er ein bustadeigedom (Bygland gnr. 69, bnr. 18) i Strandgata på Byglandsfjord. Eigar (2023) er Øyvind Rosmer.
Historie
Huset skal vere bygd i 1919. Det blei bygd med tanke på husvære for fire funksjonærfamiliar på Byglandsfjord Dampsag. Dampsaga hadde også kontor i huset, som på folkemunne var kalla «Saghuset». Revsnes Hotell kjøpte seinare huset for sine tilsette. Pr. 1. januar 2024 er Øyvind Rosmer eigaren.
Kjelder
- Reidar Tveito, Byglandsfjord 2. Samferdsla frå 1804 til 1896, og 97 hus frå 1893 til 1958, utgjeve på eige forlag, 2021, side 100