Borghild Tveit

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Borghild Tveit
Født: 5. april 1937
Død: 24. desember 2018 (81 år)

Borghild Tveit (fødd 5. april 1937, død 24. desember 2018) budde i Skien. Ho etterlet seg søskena Jens Tveit, John Tveit og Harald Tveit, svigerinner og annan familie. Gravferda var frå Åseral kyrkje fredag 4. januar 2019 klokka 12.30.

Eilert Kvernes skreiv eit minneord om Borghild Tveit i Setesdølen nr. 2, 2019 side 13. Vi har fått ta det med på Setesdalswiki:

Borghild Tveit frå Åseral, til minne[rediger]

Borghild Tveit frå Åseral gjekk bort på jolaften, då sovna ho inn på Gulset sjukeheim i Skien der ho var den siste tida etter at ho opplevde det vonde og tragiske med amputasjon av begge beina. Det hadde sett seg åreforkalking først i det eine beinet, og litt etter i det andre.

Borghild var født i 1937 og vaks opp i ein familie med fem sysken. Den eldste var Sunniva. Ho reiste ut som misjonær for NLM, men var heime ein periode, då ho døydde i 1973 berre 47 år gamal. Den yngste, Harald, bur i Skien og det er to brødre - i Kristiansand og Trondheim. Borghild hadde stor støtte og hjelp av broren Harald medan ho var på sjukeheimen, der var ho avhengig av rullestolen for å kunne trille seg fram og ha litt kontakt på avdelinga.

Ho tok artium i Kristiansand, og reiste som 20-åring til øvst i Setesdal og var lærar i dei blanda skulane i Trydal og på Bjåen i 1956/57. Dette var før vinteropen veg til Haukeligrend. Ho budde skiftesvis på dei to stadene. Men ho fann ut at læraryrket ikkje var det rette for henne og ferda gjekk til landbrukshøgskulen i Ås der ho studerte til farmasøyt. Ho hadde oppdrag for denne skulen ei tid før ho reiste til Kristiansand og var tilsett ved Elefantapoteket, seinare på sjukehuset på Hønefoss, før Sjukehusapoteket i Skien der ho var til pensjonsavgang.

Borghild tok tilveret med god fatning sjøl om livet i rullestol var den største kontrast til det varierte friluftslivet ho hadde å sjå tilbake på. Ho var eit utprega turmenneske og farta til fots og på ski m.a. på Hardangevidda og i Jotunheimen. Ho har også gått pilegrim i Santiago de Postela. Før operasjonen hadde ho også mykje nytte og glede av bilen og sykkelen til å kome seg ut, og når det var snø tok ho gjerne ut i løypene i nærområdet. Åleine som ho var, måtte ho kvitte seg med leiligheten ho hadde hatt i mange år då ho kom på sjukeheimen.

I Skien engasjerte Borghild seg i Mållaget Dag, og i KFUK der ho også var styremedlem. Ho la ikkje skjul på si kristentru, der ho var trygt forankra. Borghild var bevisst på at ho skulle "heim" til kyrkjegarden i Åseral når ho gjekk ut av tida, og der er gravferda fredag 4. januar.

Eilert Kvernes.

Kjelder[rediger]