Bjones
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bjones er ein gamal husmannsplass under Stavenes i Bykle kommune. Bjones vart delvis sjølveigareigedom så tidleg som 1764, og matrikulert til eige bruk i 1843. Bruket ligg ved riksveg 9 om lag 3 km sør for Bykle gamle kyrkje, på den austre stranda av Bykil. Enkelt sagt ligg bruket ved nordenden av tunnelen gjennom Sandefjellet.
I gammal tid var det ferjestad her. Oppsitjaren i Bjones hadde arbeid med å ro folk og varer som skulle nordetter dalen over vatnet til Vetsto ved Lambeto. I ei kontrakt med presten om plassen frå 1795 heiter det såleis at «... Bjones bestandig har været, og herefter stedse skal forblive et Færgested til Sognets Almues og Reisendes Befordring.»