Birgit T. Nomeland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Birgit T. Nomeland
Født: 14. september 1922
Død: 2. oktober 2012 (90 år)

Birgit T. Nomeland (fødd 1922, død 2. oktober 2012) budde på Valle Bygdeheim den siste tida. Ho etterlet seg sonen Tarald O. Nomeland, svigerbarn, barnebarn, oldebarn og annan familie. Gravferda var frå Hylestad kyrkje fredag 12. oktober 2012 klokka 12.

Då Birgit Nomeland døydde, var ho truleg den siste attlevande krigsfangen i Setesdal. I mange år var ho postopnar på Rysstad, fødd og oppvaksen på Uppigard Uppstad i Hylestad. Faren Tarald Harstad kom frå Harstad i Valle og vart gift med Magl Bjørgulvsdotter Rysstad frå Heimigard Rysstad. Mange av familien hennar vart involverte i motstandsarbeid under krigen, og sjølv sat ho på Grini eit års tid. Ho vart gift med Olav O. Nomeland, som var kaptein i Forsvaret og som hadde postopneriet i huset.

Kjelde[rediger]