Berdalsdronninga

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Berdalsdronninga var ei kjempefuru i Berdalsskogen i Bykle. Då skogen blei driven ut i 1904–1905, ruvde denne stokken langt over dei andre i partiet. Furua var visstnok ikkje så veldig lang, men mest jamntjukk heile stokken. Då merkaren skulle ta midtmålet, rakk ikkje merkeklaven til.

Det var gamle fossekarar som kalla furua «Berdalsdronninga». Den svære stokken skal til sist ha kome så langt nedover i Otra-vassdraget som til Byglandsøyna. Der blei han liggande for godt. Ein husmann i Bygland skal til slutt ha hogge den halvrotne stokken opp til ved.

Kjelder