Anne Tarkjelsdotter Austad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Anne Tarkjelsdotter Austad
Født: 8. juni 1898
Død: 6. april 1987 (88 år)

Anne Tarkjelsdotter Austad (fødd 8. juni 1898, død 6. april 1987) vart fødd i Dalen på Austad. Ho var den yngste i syskinflokken. Far hennar, Tarkjel Knutson Austad (1853-1947), var med i det meste av styre og stell i Bygland kommune i ein mannsalder, og Anne lærde tidleg å systematisere.

For henne handla det om spanande og fargerike jolekort som kom til heimen. Det eldste er frå 1906. Dei fleste korta er teikna, med ulike jolemotiv. Somme er mest som små kunstverk, forseggjorde og flott kolorerte. Så er der også mange fotografi, med bilete av bygder og byar, også frå utlandet. Andre kort er beint fram romantiske, kanskje meir direkte i uttrykket enn ein ventar seg av postsendingar for 100 år sidan.

Anne gifte seg med Daniel O. Tveit i 1925. Dei fekk fem born, og Anne kom til å bu på Tveit livet ut. Ho slutta aldri å samle på jolekort, og dei siste er frå 1986.

I Setesdølen

Andres Helle har gjennom Setesdølen presentert eit utval av korta. Kvar gong handlar det om jolekort som er nøyaktig 100 år gamle. På den tid budde Anne framleis på Austad.

Korta har også vore viste i Mållaget i Kristiansand, på jolemøtet 12. desember 2017.

Kjelder