Anita Bjørkeli Svaler

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Anita Bjørkeli SvalerSymbol unrelated.svg
Anita Bjørkeli Svaler.jpg
Foto: Paul Nilsen
Født: 30. desember 1973 (46 år)

Anita Bjørkeli Svaler (fødd 30. desember 1973) er freelance fotograf for Vaksdalsposten. Ho har eige fotostudio i Vaksdal. I 2011 var ho fotograf for Finnmarksløpet. Ho er leiar i Trollkjelen fotoklubb, som ho var med og stifta og var første leiar av frå 2009. Frå 1995 til 1998 tok ho utdanning innan reiseliv og turisme og fekk bachelor. I 2009 tok ho grafisk design. Ho har og delteke på ei rekke kurs og workshops innan fotografering, mellom anna med Marcel Lelienhof, Morten Krogvold, Nils Olav Mevatne, Elisabeth Akselvoll og Christin Eide.

Ho vaks opp i Valle og er dotter til Helga og Johs. Bjørkeli

Utstillingar[rediger]

Anita Bjørkeli Svaler har delteke på workshoputstilling på Vågå hotell i 2008 og 2010, ho stilte ut på Vaksdal sentertorg 2009 og på Daledagane 2011. Sommaren 2011 deltok ho på Kunstlaget si sommarutstilling 2011 i Valle med fire bilete.

Eksterne lenker[rediger]