Øivind Aakhus

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Øivind AakhusSymbol unrelated.svg
Født: 11. desember 1961 (57 år)

Øivind Aakhus (fødd 11. desember 1961) er bonde på Nedre Aakhus i Bygland. Han vaks opp der som den yngste i ein søskenflokk på tre. Foreldrene var Olav Aakhus og Hilda Aakhus. Han overtok garden i 1984, då faren døydde, men dreiv garden alt før han overtok den.

Utdanninga si fekk han på Tomb landbrukskule, der han gjekk to år. Han gjekk og eit år på Søgne landbruksskule og er både agronom og agroteknikar. Han vaks opp med mjølkeproduksjon og har sjølv 30 kyr. Han har hatt mykje ansvar for Birkeland fellesbeite, vore aktiv i Bygland Bondelag og driv i tillegg til garden brøyting av fylkesveg 304 på vestsida av Byglandsfjorden. Han haustar store deler av jorda nær eigen gard og i Jordalsbø, for han er ein av dei få som driv aktivt som bonde i nabolaget. Frå 2012 har han og satsa aktivt på potetdyrking.

Øivind Aakhus er gift med Gerd Torhild Helle Aakhus. Dei har barna Håkon, Kristine og Olav.

Kjelde[rediger]