Ånund Lund

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ånund Lund
Født: 18. desember 1938
Død: 10. oktober 2021 (82 år)

Ånund Lund (fødd 1938 i Valle, død 10. oktober 2021) var lærar på på barnetrinnet på Valle skule frå 1980 til han gjekk av i 2000. I mange år var han tillitsvald for lærarane som var organiserte i Norsk Lærarlag.

Han gjekk folkeskulen på Åmli skule i Valle, deretter bar det til Fredtun ungdomsskole i Stavern. Lærarskulen tok han i Kristiansand, sidan vart det vidareutdanning mellom anna i engelsk. Før han kom tilbake til Valle var han i fleire år lærar i Egersund og Kristiansand.

Musikk

I 2010 gav ut Ånund Lund ut musikkalbumet Blanda drops, som var hans første. Ånund Lund har vore med i fleire songgrupper, sist i «Fjoruven», men då denne gruppa vart oppløyst, heldt han fram med å syngje og spele aleine.

Familie

Ånund Lund etterlet seg kona Gunhild Lund, døtrene Inghild Lund og Inger Lise Lund Stulien, svigersøner, barnebarn og øvrig familie. Gravferda var frå Valle kyrkje tysdag 19. oktober 2021 klokka 13. I staden for blomar ønskte ein ei gåver til Alzheimer- og demensforskning.

Kjelder