Åmlisund

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ferjesundet 4. august 2022.

Åmlisund (Sundet/Ferjesundet) var den viktigaste ferjestaden i Åmli. Her måtte ein over for å kome til skrivar og fut i Herefoss og til Bakke ting i Årdal (Grendi) i Bygland. Øvrigheita kom den andre vegen når det var ting. Presten blei sett over her når han skulle til Tovdal og Mykland, det same blei folk i Vestre Åmli når dei skulle til kyrkjebygda. Også for å kome fram til dei vestre Fjellmannsvegane til Arendal og Kristiansand var ferja i Sundet nødvendig.

«Det finst opplysningar om løyving til båt ved Omblj Sund så tidleg som i 1683. Ferjemannen her hadde fast betaling (hver oppsidder i Omblie, Wimsbygden undtagen, betaler in natura 1 notting korn aarlig […..] og omkostningerne ved ny færge) og frikarl (ung mann som slapp militærteneste mot å ferje i sju år)», heiter det i Kulturminneplanen for Åmli kommune.

Kart

Laster kart...

Kjelder

  • Kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø i Åmli kommune 2020-2024, vedtatt i kommunestyret 24. september 2020, side 23