Valle Vaksenopplæring

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. juni 2009 kl. 16:39 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Det gamle kommunehuset i Valle. Valle Vaksenopplæring held til i 2. etasje.
Foto: Harald Haugland
.

Valle Vaksenopplæring driv opplæring i norsk i to klassar for vaksne innvandrarar til Valle kommune. Skulen held til i det gamle kommunehuset i Valle og har to tilsette lærarar, Øystein Berg og Harald Haugland.

Gjennom åra dette tilbodet har vore i Valle, har ein hatt elevar frå Iran, Irak, Afghanistan, Tsjetsjenia, Burma, Peru, Polen, Latvia, Nederland, Marokko, Thailand og andre land. Dei fleste tek Norsk språktest, men gjennom åra har det og vore nokre som har teke Norsk språktest - Høgare nivå, den såkalla Bergenstesten.

Opplegg

Skulen nyttar Godt sagt for elementær innføring, deretter brukar ein verka Klar for Norge og Ny i Norge 1 - 4. Då det ikkje er råd å få lærebøker på nynorsk, nyttar ein bokmål som undervisningsspråk. Elevane kan ta «Norsk språktest» som fullføring av opplæringa. Undervisninga ved Valle Vaksenopplæring er gratis, fleksibel og tilpassa elevane sine behov, og ikkje bare flyktningar, men også arbeidsinnvandrarar kan få plass i dei to klassane.

Undervisningstid er måndag til fredag frå 08.30 til 12.00. Ein fylgjer grunnskulen si skulerute.