Sigurd G. Rysstad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. august 2022 kl. 20:49 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigurd G. Rysstad
Sigurd G Rysstad (Våre falne).JPG
Sigurd G. Rysstad i Våre falne
Født: 5. mai 1917
Død: 3. mai 1945 (27 år)

Sigurd G. Rysstad (fødd 5. mai 1917, død 3. mai 1945) var det åttande av dei ti borna til Gunnar Bjørgulvson Rysstad (1872-1953) og den andre kona hans, Birgit Olsdotter frå Heggland i Bygland (1881-1947) på Heimigard Rysstad. Då andre verdskrigen starta var Sigurd vernepliktig fenrik etter befalsskulen, lagførar i Milorg i Hylestad , og student. Sigurd vart teken til fange av tyskarane under opprullinga av Laudal sin organisasjon 21. januar 1943. Han sat i Sarpsborg, Oslo kretsfengsel avd. B, Kristiansand, på Grini og Møllergata 19 fram til 26. desember 1943 då han vart sendt til Natzweiler. Sidan kom han til Dachau og Mauthausen før han døydde i Ebensee. Han var ugift.

Ein bauta er reist ved Hylestad kyrkje til minne om han og broren Bjørgulv G. Rysstad.

Kjelder