Skilnad mellom versjonar av «Sigmund Monen»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
(orto, som på kongehusets sider)
(orto)
Line 2: Line 2:


==Heider==
==Heider==
15. februar 2008 vart han tildelt [[Kongens Fortjenstmedalje]] i sølv av ordførar [[Bjørn Robstad]] ved eit arrangement på [[Fennefoss museum]]. På diplomet stod det at han var lektor, men det ville han ikkje at det skulle stå. Difor sende han det tilbake til kongen. Kongen gjorde om avgjerda om å gje han sølv og tildelte ved nytt vedtak 25. mars 2008 Kongens fortjenstmedalje i gull. Denne fekk han tildelt 25. november av konstituert fylkesmann Svein Åril.
15. februar 2008 vart han tildelt [[Kongens Fortenstmedalje]] i sølv av ordførar [[Bjørn Robstad]] ved eit arrangement på [[Fennefoss museum]]. På diplomet stod det at han var lektor, men det ville han ikkje at det skulle stå. Difor sende han det tilbake til kongen. Kongen gjorde om avgjerda om å gje han sølv og tildelte ved nytt vedtak 25. mars 2008 Kongens fortjenstmedalje i gull. Denne fekk han tildelt 25. november av konstituert fylkesmann Svein Åril.


==Kjelde==
==Kjelde==

Versjonen frå 4. mai 2009 kl. 12:12

Sigmund Andreas Monen (fødd 1940) er pensjonert adjunkt. Han arbeidde ved Evje skule, men han er mest kjent som pådrivar for å få etablert eit bygdemuseum i kommunen. I dette arbeidet kom han i kontakt med steinmannen Theodor Gautestad og var sjølv interessert i stein og mineralar. Mykje av innsatsen hans var knytt til å sikre dei verdifulle minerala i museet sine samlingar. Sjølv om Monen er pensjonist, er han framleis svært aktiv innan kulturlivet i kommunen.

Heider

15. februar 2008 vart han tildelt Kongens Fortenstmedalje i sølv av ordførar Bjørn Robstad ved eit arrangement på Fennefoss museum. På diplomet stod det at han var lektor, men det ville han ikkje at det skulle stå. Difor sende han det tilbake til kongen. Kongen gjorde om avgjerda om å gje han sølv og tildelte ved nytt vedtak 25. mars 2008 Kongens fortjenstmedalje i gull. Denne fekk han tildelt 25. november av konstituert fylkesmann Svein Åril.

Kjelde

Eksterne lenker