Salve Kjetilson Hornnes

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Salve Kjetilson Hornnes (fødd ca. 1550, død ca 1610) er den første eigaren ein sikkert kjenner til av Hornnes-garden i Evje og Hornnes. Men far hans skal ha vore ein Ola Hornnes, som då kanskje eigde garden før sonen.

I gards- og ættesoga for Hornnes er det vist til opplysningar som tyder på at Salve Kjetilson var i slekt med Aslak Torson Kleveland frå Evje, som var fødd rundt 1330.

Hornnes-garden er truleg ein av dei eldste i heile Otra-dalføret. På Salve si tid var garden framleis udelt. Etter Salve blei han delt, først i to ein gong etter 1632 og deretter i endå fleire bruk. Salve Hornnes eigde først på 1600-talet også garden Moi lenger sør i bygda. Moi er også ein av dei eldste gardane i bygda.

Familie

Ein kjenner til at Salve Hornnes hadde desse borna: Notto S. Hornnes, Ola, Orm, Asborg, Kari, Berte og Guri. Namnet til kona er ukjend.

Kjelder