Skilnad mellom versjonar av «Olav S. Uppstad (1875)»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
s (Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Valle kommune +Døde personer fra Valle kommune))
s (Harald Haugland flyttet siden Olav S. Uppstad til Olav S. Uppstad (1875): Åpne for pekerside)
 
(Ingen skilnad)

Siste versjonen frå 31. desember 2018 kl. 17:38

Olav S. Uppstad (1875)
Født: 29. juli 1875
Død: 6. oktober 1972 (97 år)

Olav S. Uppstad (fødd 29. juli 1875, død 6. oktober 1972) var bonde og skogsarbeidar på Uppstad. Han vart fødd på ein støyl i Bjørgeheia, og døypt den 22. august same år. Foreldra hans var Ingebjørg E. Uppstad og Saavi O. Uppstad.

Olav S. Uppstad vart konfirmert den 20. april 1890 då han var 14 1/2 år, og han budde då på Uppstad. Han budde på Plassen under folketeljingane i 1900 og 1910 saman med foreldra sine. I 1900 var han «tjenestegut» og «sysselsatt ved landbruksarbeide», og i 1910 var han «søn/gårdsarbeider».

Eit vekeblad intervjua han og nokre til frå Uppstad om då han arbeidde med å frakte tømmer i Otra, og ein spesiell episode var då han vart dregen med nokre tømmerstokker som sigla nedover Kåvenes. Av rein flaks så datt han ned i ei grop og såg alle stokkene over seg. Far hans ville prøve å berge han, men han heldt seg tilbake, og dermed endte det godt.

Han gifte seg med Jorånd H. Uppstad (1889-1981). Dei fekk barna Såvi O. Uppstad (1913-2010) og Ingebjørg O. Berg (1917). Familien budde på Plassen og rydda mykje ny dyrka mark.

Knut F. Uppstad laga eit dikt om Olav S. Uppstad til 80-årsdagen. Han sa sidan at han hadde venta med å skrive diktet til seinare om han hadde visst at Olav vart så gamal som han vart.

Olav S. Uppstad døydde den 6. oktober 1972, vel 97 år gamal. Han vart gravlagt på Hylestad kyrkjegard ved den gravsteinen som står der.

Kjelder

Kyrkjebokoppføringer

Fødsel/dåp 1875: Aust-Agder fylke, Hylestad i Valle, Klokkerbok nr. B 1 (1848-1875), Fødte og døpte 1875, side 45, linje 14.

Konfirmasjon 1890: Aust-Agder fylke, Hylestad i Valle, Klokkerbok nr. B 2 (1875-1921), Konfirmerte 1890, side 106, linje 10

Folketeljinger

1900: Digitalarkivet

1910: Digitalarkivet