Kjyrehaug

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. april 2024 kl. 10:40 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjyrehaugen.

Kjyrehaug er ein stor gravhaug, rett ved sida av Hanehaug som også er ein gravhaug og midtpunktet i eit stort fornminneområde med gravfunn frå steinalder, jernalder, bronsealder, folkevandringstid og vikingtid på Nese i Bygland. Kjyrehaug er 20 meter i diameter, og 2,5 meter høg.

Kong Hane skal i følge segna ha levd på 1000-talet, og rådde over heile Bygland. Segna seier at Olav den Heilage kom på kristningsferd til Setesdal. Kong Hane samla ein hær frå alle bygdene omkring for å slost mot kongen. Slaget skal ha stått ved Ellingstjønn, nord for Bygland. Kong Hane fall, og vart gravlagd i Hanehaug. Den heilage kvite trollkua hans, Audhumbla, som gjekk med han i alle strider, vart gravlagd i Kjyrehaug rett ved sida.

Kjelder