Jon Løyland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. februar 2011 kl. 23:06 av Leonj (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jon Knutsson Løyland (fødd 27. november 1887 på Løyland i Valle, død 8. juli 1975) var lærar og bonde og budde på Lande i Grendi. Han var lærar mange stader på Agder. Samstundes var han svært oppteken av kulturhistorie, og han samla folkeminne i ei bok. Han laga og eit manuskript, truleg tenkte han å lage eit framhald av Gamalt or Setesdal, men manuskriptet blei ikkje trykt medan han levde. Fyrst i 2008 kom boka ut, redigert av Leonhard Jansen. Men stoffet han samla, brukte han i talar og foredrag rundt om på Agder. I boka er det ein bolk med bilete som han tok på reisene sine. Han var ein habil fotograf, og etterlet seg ei stor biletsamling som no er på Setesdalsmuseet.

Alt frå starten av Agder Historielag i 1914 kom han med i styret, og han sat i styret i 50 år, frå han var 27 til han var 77 år gammal. I tre periodar var han formann i laget. Frå 1939 til 1964 var han og styreleiar i Setesdalmuseet. Han laga og sitt eige museum i Løylandsloptet. Denne samlinga er i dag overført til Setesdalsmuseet.

Heider

Bibliografi

  • Soger og segner, viser og vers. Folkeminne frå Agder. 2008 Redigert av Leonhard Jansen. ISBN 9788290575361
  • Hans i Hagen 1952
  • Fleire artiklar i Jol i Setesdal og Årbok for Agder Historielag

Eksterne lenker