Jon Løyland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. oktober 2010 kl. 17:10 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (kat)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jon Løyland (1887-1975) var lærar og bonde og budde på Lande i Grendi. Han var lærar mange stader på Agder. Samstundes var han svært oppteken av kulturhistorie, og han samla folkeminne i ei bok. Han laga og eit manuskript, truleg tenkte han å lage eit framhald av Gamalt or Setesdal, men manuskriptet blei ikkje trykt medan han levde. Fyrst i 2008 kom boka ut, redigert av Leonhard Jansen. Men stoffet han samla, brukte han i talar og foredrag rundt om på Agder. I boka er det ein bolk med bilete som han tok på reisene sine. Han var ein habil fotograf og samla mange bilete.

Alt frå starten av Agder Historielag i 1914 kom han med i styret, og han sat i styret i 50 år, frå han var 27 til han var 77 år gammal. I tre periodar var han formann i laget. Frå 1939 til 1964 var han og styreleiar i Setesdalmuseet. Han laga og sitt eige museum i Løylandsloptet. Denne samlinga er i dag overført til Setesdalsmuseet.

Heider

Bibliografi

  • Soger og segner, viser og vers. Folkeminne frå Agder. 2008 Redigert av Leonhard Jansen. ISBN 9788290575361
  • Hans i Hagen 1952
  • Fleire artiklar i Jol i Setesdal og Årbok for Agder Historielag

Eksterne lenker