Skilnad mellom versjonar av «Jon Løyland»
(lenke) |
(orto) |
||
Line 4: | Line 4: | ||
==Heider== | ==Heider== | ||
*[[Kongens | *[[Kongens Fortenstmedalje]] 1964 | ||
==Bibliografi== | ==Bibliografi== |
Versjonen frå 13. oktober 2010 kl. 17:02
Jon Løyland (1887-1975) var lærar og bonde og budde på Lande i Grendi. Han var lærar mange stader på Agder. Samstundes var han svært oppteken av kulturhistorie, og han samla folkeminne i ei bok. Han laga og eit manuskript, truleg tenkte han å lage eit framhald av Gamalt or Setesdal, men manuskriptet blei ikkje trykt medan han levde. Fyrst i 2008 kom boka ut, redigert av Leonhard Jansen. Men stoffet han samla, brukte han i talar og foredrag rundt om på Agder. I boka er det ein bolk med bilete som han tok på reisene sine. Han var ein habil fotograf og samla mange bilete.
Alt frå starten av Agder Historielag i 1914 kom han med i styret, og han sat i styret i 50 år, frå han var 27 til han var 77 år gammal. I tre periodar var han formann i laget. Frå 1939 til 1964 var han og styreleiar i Setesdalmuseet. Han laga og sitt eige museum i Løylandsloptet. Denne samlinga er i dag overført til Setesdalsmuseet.
Heider
Bibliografi
- Soger og segner, viser og vers. Folkeminne frå Agder. 2008 Redigert av Leonhard Jansen. ISBN 9788290575361
- Hans i Hagen 1952
- Fleire artiklar i Jol i Setesdal og Årbok for Agder Historielag