Jol i Setesdal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. mai 2009 kl. 09:19 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Ein start)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jol i Setesdal er eit jolehefte som vert gjeve ut av mållaga i Setesdal. Bykle mållag, Valle mållag, Bygland mållag, Evje og Hornnes mållag og Iveland mållag har alle eit medlem i skriftstyret. Joleheftet kom fyrste gong ut i 1961. Initiativtakar til heftet var Torleiv H. Bjørgum. Han fekk med seg Olav Bjørgum som teiknar, og heftet har i alle år hatt ei teikning av han på framsida. Inne i bladet finn ein og teikningar inspirerte av Gamalt or Setesdal, som oftast med ein tekst under fra boka. Eit anna særmerke er at så godt som alle annonsane i heftet har eit stev som fortel om verksemda.