Skilnad mellom versjonar av «Jol i Setesdal»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Line 18: Line 18:
*[[Jol i Setesdal 1999]]
*[[Jol i Setesdal 1999]]
*[[Jol i Setesdal 1998]]
*[[Jol i Setesdal 1998]]
*[[Jol i Setesdal 1997]]
*[[Jol i Setesdal 1992]]
*[[Jol i Setesdal 1992]]
*[[Jol i Setesdal 1965]]
*[[Jol i Setesdal 1965]]

Versjonen frå 30. mai 2009 kl. 23:21

Jol i Setesdal er eit jolehefte som vert gjeve ut av mållaga i Setesdal. Bykle mållag, Valle mållag, Bygland mållag, Evje og Hornnes mållag og Iveland mållag har alle eit medlem i skriftstyret. Joleheftet kom fyrste gong ut i 1962. Initiativtakarar til heftet var Torleiv H. Bjørgum og Svein Hovet, som saman gav ut det fyrste heftet, med Svein Hovet som redaktør. Men frå 1963 har det vore mållaga som gjev ut bladet.

Frå 1966 fekk dei med seg Olav Bjørgum som teiknar, og heftet sitt kjenneteikn har etter kvart blitt ei teikning av han på framsida, sjølv om fotografi pryda framsida dei fyrste åra. Inne i bladet finn ein og teikningar inspirerte av Gamalt or Setesdal, som oftast med ein tekst under fra boka.

Eit anna særmerke er at så godt som alle annonsane i heftet etter kvart har eit stev som fortel om verksemda. Denne tradisjonen tok til i 1963, då det i lysinga frå Torleiv H. Bjørgum heitte:

Om kvinna er vakker, ho verte nok venar'
i bunaden, pynta med syljor og band.
Og so ber det til - at eg er hennar tenar
og smiar og smøygjer så mykje eg kan.

Utgjevingar

I artiklane som er lenka, finn du innhaldsoversikter for heftene.