Jahn Iver Kornbrekke

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. mai 2020 kl. 06:30 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (formatering)
Hopp til navigering Hopp til søk
Jahn Iver Kornbrekke
Født: 23. februar 1919
Død: 14. mai 1944 (25 år)

Jahn Iver Kornbrekke (fødd 23. februar 1919 i Brooklyn, død 14. mai 1944 i Stutthof konsentrasjonsleir), var politimann og døydde i tyske krigsfangenskap under 2. verdskrigen.

Jahn Iver var son til Johannes Johannesen Kornbrekke. Faren var fødd i 1886 i Vestre Moland, og døydde i 1920 i Brooklyn, berre om lag 34 år gamal. Mora var Ingeborg Kornbrekke (Emma), fødd Odde i 1885 i Evje.

Eitt år gamal kom Jahn Iver heim frå Amerika saman med mor si. Dei busette seg i Jokelid i Evje, der far til Emma då budde. Jahn Iver fekk nokre fine barneår, med både mora og bestefaren til å ta vare på seg.

Jahn Iver tok skuleskipskurs og var til sjøs før krigen. Han tenestgjorde i Marinen då krigen braut ut. Seinere kom han inn i polititenesta. Han var politikonstabel og tenestegjorde i Årdal under krigen. Natt til 16. august 1943 aksjonerte den tyske okkupasjonsmakta mot det norske politiet. 470 politimenn blei arresterte, og dei fleste vart seinare deporterte til fangenskap i Tyskland. 13 mista livet. Jahn Iver Kornbrekke var ein av dei.

Den første tida sat han fengsla i Bergen. Han kom så til Grini 21. november 1943. Derfrå blei han 9. desember same år sendt til konsentrasjonsleiren Stutthof. Stutthof er ein landsby ved Danzig-bukta. Her døydde han på sjukehuset i leiren 14. mai 1944.

Norsk politihistorisk selskap har gjeve ut eit skrift om politifangane som sette livet til under krigen. Jahn Iver sin medfange, Anders Eckhoff, som seinare blei politimeister i Kristiansand, skreiv mellom anna dette om han:

{{sitat|Jeg lærte Jahn Kornbrekke å kjenne da han tjenestegjorde i Kristiansand [ei kort tid før han kom til Øvre Årdal], og i Stutthof ble kjennskapet utdypet. Han var en tjenestvillig og dyktig politimann og en usedvanleig grei kollega å samarbeide med.|Anders Eckhoff]]

SitatI Stutthof var han en av dem som aldri klaget og som aldri stakk seg fram. Han var beskjeden og stille i all sin ferd. Da han ble syk og skjønte hvor det bar hen, tror jeg han tenkte mer på sin mor og hvorledes hun skulle greie seg, enn på seg selv og sin egen skjebne. Han døde stille på leirens sykehus 14. mai 1944. Det lykkes oss ikke å få tak i hans urne og det er tvilsomt om den finnes noe sted.Sitat
– Anders Eckhoff

Namnet til Jahn Iver Kornbrekke er innhoggen i Minnesteinen ved Evje kyrkje som er reist til minne om dei som sette livet til for fedrelandet under 2. verdskrigen.

Kjelder

Hermund Kleppa, Politikonstabel Jahn Iver Kornbrekke - på minnemonument i Evje, artikkel publisert på nettsida til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Eksterne lenker

Politikonstabel Jahn Iver Kornbrekke - på minnemonument i Evje