Hornnes kyrkje

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. mai 2009 kl. 14:23 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (kyrkjeartikkel)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hornnes kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1828 på Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Kyrkja er lafta og har 300 plassar og to galleri. Ho ligg på austsida av riksveg 9 like sør for brua på Dåsnes.

Ein kjem dit via Fylkesvei 310 som tek av frå Rv9. Kyrkja høyrer til Evje og Hornnes prestegjeld, som er ein del av Otredal prosti.

Inventar

  • Altertavla er et kors, svart og gull på hvit bakgrunn med inskripsjon frå Matt. 22, 31,39.
  • Preikestolen er frå kyrkja var ny i 1828.
  • Døypefonten er i tre frå same året. Ein døypefont i kleberstein frå middelalderen til heil neddykking av barnet er ikkje i bruk.
  • Orgelet er eit mekanisk pipeorgel frå Vestlandske orgelverkstad (Moser og Pierot) 1968 med eit manual og pedal. *Kyrkjeklokka er frå 1660 og har inskripsjonen «A 1660 goss mich Michael Sigmund Arnoldt i Nevburg».
  • Nattverdutstyret er i sølv, lysestakar, dåpskanne og dåpsfat er i messing.
  • Alterduk og antependium er frå 1960 av Else Marie Jakobsen og Ann Rasmussen.
  • Messehagl: To er frå 1978, ein er eldre.
  • Kyrkjebøssene er ikkje i bruk. Det er tre kyrkjebøsser på høg fot med solid lås. Dei er frå 1732.

Kyrkjeleg aktivitet

Om lag 1200 menneske soknar til Hornnes kyrkje. I 1992 var det i snitt 93 personar til høgmesse, 32 til nattverd. Det året var det til saman 36 gudstenester, 20 døypte, 13 konfirmantar, 3 vigsler og 11 jordfestingar.

Kjelde

  • Alf Henry Rasmussen: Våre kirker - Norsk kirkeleksikon. Vanebo forlag 1993 ISBN 82-7527-022-7

Eksterne lenker