Skilnad mellom versjonar av «Grendi bru»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
s (robot: automatisk teksterstatning: (-display_points: +display_points: ))
s (Dobbeltkategorisering)
 
Line 15: Line 15:
[[Kategori:Bruer på riksveg 9]]
[[Kategori:Bruer på riksveg 9]]
[[Kategori:Grendi]]
[[Kategori:Grendi]]
[[Kategori:Bygland]]

Siste versjonen frå 18. mai 2022 kl. 14:20

Det er den gamle brua til venstre som Vegvesenet kallar Grendi bru. I bakgrunnen ser ein litt av gangvegen som her fylgjer den opphavelege riksvegen. Til høgre er dagens bilbru, Lande bru.
Kvar bru har sitt eige nummer.
Foto: Reidar Tveito

Grendi bru er ei bru på riksveg 9. I sentrum av Grendi går det to parallelle bruer over Landsåni, der den eldste vert bruka som sykkel- og gangveg. Statens Vegvesen kallar denne for Grendi bru, og ho har som brunummer 09-1273.

Eldste bru på riksveg 9

Brua er frå 1920, og er den eldste på riksveg 9 som er i dagleg bruk, men nå som sykkel og gangveg. Dette er ei stålbjelkebru med ei lengde på 9,75 meter. Sidan 1963 har trafikken gått over Lande bru, som ligg like inntil Grendi bru. Då det vart anlagt sykkel- og gangveg gjennom Grendi, tok ein delvis i bruk den gamle riksvegen som ligg ovanfor dagens veg. Då vart også brua sett i god stand som ein del av denne gangvegen.

Kart

Laster kart...

Kjelder