Fakse Brokke

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. februar 2017 kl. 00:36 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Fakse Brokke)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fakse Brokke var ein trekubbe som stod på stogeskåpet i huset som låg midt i Brokkesvoli i Brokke. Den øvste delen var forma til som ein menneskeskikkelse, og den nederste med utskjeringar. Han var truleg eit gudebilete. «Fakse Brokke enda som hoggestabbe, og vart hoggen til ved truleg kring 1810-15», heiter det i Kultursoga for Valle.

Ein veit ikkje sikkert opphavet til Fakse Brokke og dei andre faksane i Valle. Mest truleg var dei figurar som var tekne ut av dei gamle stavkyrkjene i bygda.

Kjelder