Hopp til innhald

Bispevegmarsjen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. august 2011 kl. 22:16 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Bispevegmarsjen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Bispevegmarsjen er ein turmarsj frå Fyresdal til Valle. Strekninga er om lag 30 kilometer og går i ulendt terreng over fjellet etter den ruta som vert kalla Bispevegen. Deltakarane vert køyrde i buss frå Valle til Fyresdal tidleg om morgonen før marsjen startar og dei fleste brukar fem til seks timar på turen. Deltakarar frå Fyresdal får busstur heim att etter at dei er komne i mål. Marsjen vert arrangert av Valle IL og Fyresdal IL og vart fyrste gongen arrangert i 1982. På Nystøyl har Fyresdal IL matstasjon der ein kan få kjøpt saft og pølser, og i Tveitebø har Valle IL drikkestasjon.

Deltakarar

Kjelder