Glashytta i Setesdal
I Glashytta i Setesdal blåste dei glas for fyrste gong på våren i 2000. Glashytta med utsalet ligg på Bygland, like ved brygga der D/B «Bjoren» legg til og bygdetunet som er ein del av Setesdalsmuseet.
Glasobjekta lages av hantverkarane og kunstnarane Inger Tone Homme og Tor Birger Egge som har bakgrunn mellom anna frå Sverige og Hadeland Glassverk. Dei arbeider på frihand, det vil si at dei blåser glas på augemål utan å bruka maskiner eller formar. Dette gjer kvart enkelt objekt unikt, antingen det er vinglas i ulike storleikar, ljosestaker, boller, vaser eller fat. Glasarbeida kan ha ulike fargar, graveringar og sandblåste. Inger Tone og Tor Birger lager og firmagåver, premiar og objekter til privat bruk på bestilling.
Eksterne lenkjer
Kart
<googlemap version="0.9" lat="58.831389" lon="7.797222" type="terrain" zoom="14" width="400" height="300"> 58.828209, 7.794722 Glashytta i Setesdal </googlemap>