Ingvild Hovden

Ingvild Hovden (fødd 1978) var prosjektleiar i Bykle & Hovden Vekst. Ein periode var ho og salsansvarleg på Hovden Resort. I 2010 starta ho Hovdenkontoret, eit kontor der ho tek på seg alt frå kontorarbeid til marknadsføring, søknader til det offentlege og etablering på sosiale medier. I tillegg har ho ei 50% stilling hjå Uleberg Maskin og Transport. Ho er og festivalsjef for Rekordfestivalen og aktiv i Turkompaniet.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Har opna Hovdenkontoret. Artikkel i Setesdølen nr. 37, 2011 side 4