Vidar Frøysnes

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. april 2011 kl. 23:34 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk

Vidar Frøysnes (fødd 1955) er toppkandidat på AP-lista i Bygland 2011 og dermed ordførarkandidat til valet. Han har vore tenesteleiar og hatt ansvar for økonomi og personalansvar i kommunen. Han har og vore næringssjef, kultursjef og plansjef, samt stabsjef hos rådmannen i Bygland. Men i 2007 reduserte han stillinga til ein deltidsjobb i kommunen, der han no har ansvar for plansaker. Han er og lærar i musikkskulen som Bygland og Evje har saman. I tillegg arbeider han i familiebedrifta Movi Musikk som han har saman med kona Mona Ida Håvorstad Frøysnes.

Han vaks opp i ein heim der faren, Hallvard Frøysnes, var i kommunestyre og formannskap. Han var og ordførar ein periode. Mor hans, Astrid Frøysnes, var også kommunestyremedlem og i perioden då fire av fem medlemmer i formannskapet i Bygland var kvinner, var ho også med i formannskapet.

Før familien kom til Bygland i 1982, hadde dei budd i Åseral. Der var Vidar Frøysnes aktiv i Kristeleg Folkeparti, og den første tida i Bygland var han og med i kommunestyret som representant for Bygland KrF. I den tida hadde han sentrale tillitsverv i fylkesstyret til KrF.

Vidar Frøysnes er aktiv musikar og spelar ei rekke instrument. Han er og vokalist i Setesdal Roots Band og spelar i mange andre musikkgrupper, mellom andre Vidar Frøysnes Trio.

Kjelder

Eksterne lenker