Jorunn Lund Harstad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. mai 2009 kl. 12:18 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Ny side: '''Jorunn Lund Harstad''' (født 26. mai 1950 i Valle) er ei av eldsjelene i Valle Radio. Ho har open sending ein gong i månaden og er ofte telefonvakt i tillegg. Til dagleg arb...)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jorunn Lund Harstad (født 26. mai 1950 i Valle) er ei av eldsjelene i Valle Radio. Ho har open sending ein gong i månaden og er ofte telefonvakt i tillegg.

Til dagleg arbeider ho i Valle kommune som assistent og reinhaldar. Ho har og ansvar for servering når det er kommunestyremøte i Valle. Jorunn er vide kjend for lefser og potetkaker som ho bakar i bakebua nedanfor Valle Motell. Denne tradisjonen held ho oppe sjølv om mor hennar, Tora Lund, som ho i alle år bakte saman med, no har slutta med bakinga.