Hopp til innhald

Sigurd Brokke

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. mars 2011 kl. 17:36 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Agder folkemusikkarkiv)
Sigurd Brokke.

Sigurd Brokke (fødd 16. mai 1971) er vaktmester i Valle kommune med hovudansvarsområde Hylestad skule, Hylestad barnehage, Hylestad soknehus og Rysstadtunet. 2006/2007 hadde han eit vikariat som dagleg leiar ved Agder Folkemusikkarkiv i eitt år.

Han bur i Brokke og er mest kjent som munnharpespelar. Han vann landskappleiken i klassen munnharpe i 2003 og 2004. Han har og vore aktiv på mindre kappleikar. I perioden 2001 til 2007 vann han munnharpeklassen på over 20 kappleikar i Agder og Telemark. I 2003 fikk han Aust-Agders kulturstipend, han har også fått kulturstipend frå Valle kommune. Han har gitt ut to plater, begge på Etnisk musikklubb, saman med Daniel Sandén-Warg, som spelar hardingfele.

I tillegg er Sigurd Brokke aktiv i Valle mållag, der han har vore med i styret og der han og sidan oppstarten i 2002 har vore engasjert i dugnadsarbeidet med nettsida vallemal.no. Han er ein aktiv talsmann for setesdalsdialekten, og var med i TV-programmet Norsk attraksjon då Linda Eide i NRK duellerte med Sigurd Brokke om å forstå dialektord og måtte ta ein dukkert i Otra då ho tapte. Han var leiar i Setesdal Spelemannslag frå 2001 til 2007.

Diskografi

  • Rammeslag II 2009 Folkelarmprisen i klassen solo. Nominert til Spellemannsprisen i klassen folkemusikk/gammaldans
  • Rammeslag 2007 Folkelarmprisen i klassen solo
Medverkar på
  • Fille-Vern - gamle og nye mestre i norsk munnharpetradisjon 2007 (Ta:lik)
  • 4th. International Jew's Harp Festival 2005 (Heilo)

Eksterne lenker