Iveland og Vegusdal bygdemuseum

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. februar 2011 kl. 14:57 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (kat)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Iveland og Vegusdal bygdemuseum ligg på garden Fjermedal like nord for Vatnestrøm. Det er eit friluftsmuseum med tradisjonelle bygningar frå Iveland og Vegusdal. Her kan du sjå bustadhus, stolpehus, eldhus, løe, stall og kvernhus. Den eldste delen av Engeslandshuset er frå 1600-talet.

I området er det funne mange stokkebåtar, og ei av utstillingane i hovudbygget tek utgangspunkt i dette og syner samfunnet i jernalder og vikingtid, både med informasjon om samfunnet generelt, om kvinnene sin situasjon og om gravskikkar i denne tida. Andre utstillingar kan ha fokus på drakt og klede eller på generell bygdekultur.

Museet har også ei avdeling i kommunehuset på Birketveit der det er ei praktfull geologiutstilling basert på dei rike mineralforekomstane i Iveland. I denne avdelinga er det og utstilling om okkupasjonshistoria og om ivelandsdrakta.

Kjelde

  • Brosjyre om Iveland og Vegusdal bygdemuseum