Gunnhild Schanche

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. desember 2010 kl. 23:55 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Gunnhild Schanche)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gunnhild Aleide Schanche (født 11. desember 1954, død 21. november 2010Evje) var rådmann i Bygland kommune frå 1. februar 2008, då ho overtok etter Eva Richter. Men ho vart sjuk nokså fort etter at ho hadde teke til i stillinga, og i sjukemeldingsperioden sa ho opp stillinga si. Kommunen fekk då Andreas Vebostad som rådmann i eit årsengasjement.

Opphaveleg kom Gunnhild Schancne frå Hitra i Sør-Trøndelag. Ho var i tolv år kontorsjef ved Universitetet i Oslo, deretter fekk ho stilling som kontorsjef ved medisinsk fakultet ved NTNU i Trondheim. Ho kom frå denne stillinga til rådmannsstillinga i Bygland.

Dødsannonsa hennar i Setesdølen fortel at ho etterlet seg Trygve Johansen, og at urna hennar skal setjast ned på Hitra i mai 2011.

Kjelder