Hopp til innhald

Lisbeth Ravneberget

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. august 2014 kl. 14:56 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side: '''Lisbeth Palm Ravneberget''' var fengselsbetjent og fotballspelar. Ho var fødd i 1963 på Evje. Ho døydde i 2010, berre 47 år gamal. Ho vart gravlagd frå Mysen kyrkje fredag 12...)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Lisbeth Palm Ravneberget var fengselsbetjent og fotballspelar. Ho var fødd i 1963 på Evje. Ho døydde i 2010, berre 47 år gamal. Ho vart gravlagd frå Mysen kyrkje fredag 12. november 2010. Ho var gift med Runar Palm. Foreldra var Greta Ravneberget og Odd Ravneberget. Ho hadde tre eldre syskjen; [John-Ole Ravneberget]], Odd-Gullik Ravneberget og Solveig Ravneberget (Tulla). Familien flytta til Evje i samband med at faren Odd arbeidde i Forsvaret og fekk stilling på Evjemoen. Odd vart òg den aller fyrste formannen i Otra IL, då klubben blei stifta i 1960.

Lisbeth vart tidleg ei svært allsidig idrettsjente. Ho var aktiv i fleire av gruppene i Otra, men kanskje fyrst og framst i handballgruppa og fotballgruppa. Sist på 1970-talet var ho ein entusiastisk pådrivar for å få til eit damelag i fotball i Otra, og ho var den dominerande spelaren på dette laget i fleire år. Våren 1981 blei ho saman med ei anna jente frå Agder teken ut til å vere med på landslagssamling i Oslo for kvinnelege fotballspelarar.

På byrjinga av 1980-talet flytta ho frå bygda for å utvikle seg vidare som fotballspelar. Det klarte ho til gagns, for ho vart ein av dei beste og mest trufaste fotballspelarane i norsk kvinnefotball. Ho spelte først i Vennesla-klubben Vindbjart (frå 1981). Frå 1982 var ho i Kristiansands-klubben Radar, og debuterte då i 1. divisjon. Hausten 1983 melde ho overgang til toppklubben Setskog, som hadde vunne 1. divisjon sesongen føre. Ho blei verande i denne klubben i mange år, og spelte fleire hundre kampar i 1. divisjon. Høgdepunktet kom nok i 1992, då Lisbeth var med på laget til Setskog/Høland (som klubben no heitte) som vann cupfinalen - Norgesmesterskapet - det året.

Lisbeth var aktiv fotballspelar heilt fram til 2009 i Mysen IF Fotball. Ho døydde av kreft hausten 2010.