Sigurd Haugsgjerd
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sigurd Haugsgjerd (fødd 19. august 1951 i Hægebostad) er redaktør av Setesdølen og har vore det frå 1. mars 1976. Han har arbeidd i avisa Gula Tidend i Bergen og vore programsekretær i NRK Dagsnytt. I tillegg til å vere redaktør, eig han ein stor del av avisa. I tida i Bygland har han vore engasjert i Bygland Mållag, Bygland sogelag og Bygland IL.
Han er gift med Aud Åsen Haugsgjerd og busett i Åsen i Grendi.
Kjelder
- Nynorsk næringslivspris 2009
- Forfattaromtale i Folkefest fra fjell til fjord Bokbyen forlag 2011 side 244