Augund K. Brottveit

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. januar 2014 kl. 00:34 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (meir info)
Hopp til navigering Hopp til søk

Augund K. Brottveit (fødd 1925) var lærar i Valle. Han slutta 1. august 1990 etter 28 års skulearbeid i Valle. Han var både lærar og rektor på Valle skule. Han var og skulesjef i kommunen. Før han kom til Valle, hadde han vore lærar i Vennesla. Han har gymnas og lærarskule og to år på Statens Lærarhøgskule. Han har og gått på Statens sløyd- og teiknelærarskule og han har gått gymnastikklina ved Agder Folkehøgskule. Han var formann i byggenemndi for Sætrum ungdomsskule og for Valle barneskule.

Augund Brottveit er gift med Kristin Brottveit, dei har borna Kjetil A. Brottveit og Margit Brottveit.

I tida etter at han vart pensjonist, skreiv han saman med Anna Stella Karlsdottir og Knut K. Homme 10. bind i Bygdesoga for Valle: Utvandringi til Amerika, som kom ut i år 2000.

Kjelder